Miljøarbeidar i Bismotunet bufellesskap
Er du interessert i målretta miljøarbeid, er engasjert i faget og ynskjer deg eit engasjerande fagmiljø? Vi har ledig vikarstilling på 100 %.
Bismotunet bufellesskap er ein del av heimetenesta for funksjonshemma i Skjåk kommune. Vi har eit moderne heildøgns bemanna bufellesskap med både faste bebuarar og avlastningsplassar for barn og ungdom. Vi har eit godt etablert fagmiljø der du vil få mange dyktige kollegaer. Vi arbeider for at våre aktivitetar skal vere synlege i samfunnet i Lom og Skjåk.
Arbeidstid er etter gjeldande turnus, for tida 3-delt turnus med valfritt 3.kvar helg eller langvakter 4.kvar helg. Er det ynskjeleg kan langvakter midt i veka vere ei moglegheit.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til målretta miljøarbeid med barn – og vaksne funksjonshemma med samansette behov.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar/ barne og ungdomsarbeidar er ynskjeleg. Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring med målretta miljøarbeid.
- Godkjent politiattest.
- Førarkort klasse B.
Vi vektlegg at du
- har interesse for barn, unge og vaksne med særskilte behov.
- har evne til å arbeide sjølvstendig, og samtidig vera ein tydeleg og trygg rollemodell.
- har erfaring frå liknande arbeid, og målretta miljøarbeid med barn, unge og vaksne.
- har evne til å skape gode relasjonar.
- har gode samarbeidsevner.
- er fleksibel i høve til omstillingar.
- har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Arbeidet kan vere fysisk belastande.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
- Pensjonsordning i KLP.
Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Kari Gjelbakken, mobil 45 34 39 53
Søknadsfrist 26.07.2026
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Kvifor velje Skjåk?
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, arbeid for eventuell partnar og informasjon om tilbod for barn og fritid. Du kan òg få moglegheit til å prøvebu i bygda. Kontakt: Heidrun Israelsen – prosjektleiar «Sats på Skjåk» Tlf. 994 27 902
Sletting av studielån
Buset du deg i Skjåk og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om det på Sletting av gjeld i utvalgte kommunar.