N-Games - ei turnering i dataspeling

Skjåk folkebibliotek 11/9 og 20/11 kl 17.

N-Games i Skjåk - Klikk for stort bilde 

N-Games skuleåret 2020/2021

Biblioteka i Nord-dalen skal ha spelkveldar dette skuleåret også, to kveldar før jul og to kveldar etter jul. Dette er eit samarbeid med den friviljuge organisasjonen Blue Elite Esports på Otta. Det er tredje året Skjåk folkebibliotek er med og tilbodet har vore populært her i Skjåk.

Vi gler oss til ein ny runde med N-Games i kommunestyresalen. N-Games er ei turnering med 24 arrangement (fire på kvart bibliotek), og ein storstilt finale i Otta Kulturhus i juni 2021.

Finalehelga består av sluttspel i Rocket Leauge og mindre turneringar i andre spel.

Fredag 11. september og 20. november kl 17 i Skjåk

Møt opp og meld deg på i døra. Du bestemmer sjølv kor mange gonger du vil vere med. På grunn av Covid-19 vi må vi registrere alle som er til stades, dette gjeld både spelarar og føresette.

Arrangementa er gratis og ope for alle.

Velkomen skal du vere :)

Du finn utfyllande informasjon på facebooksida til Blue Elite Esports.

N-Games 2020-2021 - Klikk for stort bilde