Namn- og logokonkurranse Lom og Skjåk kulturskule - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Namn- og logokonkurranse Lom og Skjåk kulturskule

Kulturskulen i Lom og Skjåk vart ein kulturskule frå 1. august 2018. Vi gjev opplæring innan kunst- og kultur til born og ungdom i både Lom og Skjåk. I det høve vil vi no arrangere namn- og logokonkurranse.

Kva skal kulturskulen vår heite og kva logo skal vi ha?

Vi inviterer no til at nettopp du kan kome med eit godt forslag til namn- og logo som på ein god måte illustrerer kva slag skule vi er og kva type teneste vi tilbyr.
Som ei hjelp på vegen får du her våre verdiord og vår visjon:
Kulturskulen i Lom og Skjåk arbeider for kvalitet, breidde og trivsel. Vi er kulturskulen som gjev gnisten til mangfald, utvikling og tradisjon.

Bli med da vel og lever forslaget ditt til oddrun.kvalheim@skjaak.kommune.no innan 18. mars 2019.
Samarbeidsutvalet for kulturskulen i Lom og Skjåk vil, med utgangspunkt i innkomne forslag, ta den endelege avgjerda på namn og logo. 

Offentleggjering på framsyninga til kulturskulen i Utgard 5. juni kl. 18.00.
For meir informasjon om kulturskulen gå inn på: 
https://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen 
og
https://www.skjaak.kommune.no/tenester/skule-og-barnehage/lom-og-skjak-kulturskule/