Næringsbygg skal ikkje brukast til bustadformål - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Næringsbygg skal ikkje brukast til bustadformål

Sesongarbeidar Adobe Stock Photo   

Vi går inn i ei årstid der det kjem eindel sesongarbeidarar til distriktet vårt og eindel vil oppleve at det kan vera vanskeleg å finne ledige bustadar. Lom kommune og Skjåk kommune, og Lom og Skjåk brannvesen, vil i den anledning minne om at næringsbygg ikkje skal brukast til bustad for sesongarbeiderar eller andre.

Bygningar til personopphald skal vera godkjent for varig opphald og tilfredstille dei krava som gjeld for slike bygg, blant anna krav til bad og toalett, godkjente rømningsvegar, branncelleinndeling og varslingsystem. Dei fleste næringsbygg er ikkje berekna for overnatting og vil som regel ikkje tilfredstille krava til brannsikkerheit som gjeld for bygningar til varig opphald. Dersom det oppstår ein brann vil brannvesenet prioritera slukke- og redningsinnsatsen annleis ved brann i eit bygg til personopphald enn ved brann i eit næringsbygg.

Kommune og brannvesen kan gripe inn dersom næringsbygg blir brukt bustadformål.