Nye vatningsrestiksjonar - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Nye vatningsrestiksjonar

Frå 17.07.26 blir vatningsrestriksjonane i Bismo endra. Nye vatningsrestriksjonar gjeld til 31.08.2026 eller til det kjem ny informasjon frå Skjåk kommune.

Dei nye vatningsrestriksjonane for Bismo:

Det er tillate å vatne med adresse på oddetal på oddetalsdato og adresse med partal på partalsdato, på tidspunkt mellom kl. 19.00 og 22.00 med ein spreiar per eigendom.

Det kan i periodar bli innført fult vatningsforbod.

Skjåk kommune produsera reinsa drikkevatn, dette skal i all hovudsak nyttast til hushaldning og beredskap. Forsyning av reinsa drikkevatn er regulert av drikkevassforskrifta.

Vatnet frå Bismo vassverk blir henta frå grunnvasskjelder ved elva. Det blir behandla og desinfisert i vassverket før det blir pumpa vidare til høgdebassenget og ut til abonnentane. Vatnet som blir brukt til plenvatning, er dermed reinsa drikkevatn som vi brukar i heimane våre.

Når mange vatnar samtidig, blir forbruket høgare enn det grunnvatnet vi har tilgang til og det vassverket klarer å produsere og pumpe vidare. Då kan nivået i høgdebassenget bli kritisk lågt.

Drikkevassforsyninga er ikkje dimensjonert for å dekkje omfattande plenvatning i tørre periodar. Ei utviding av drikkevassforsyninga vil krevje store investeringar i vasskjelder, behandling, pumper, leidningsnett og høgdebasseng. Lovverket seier at kostnader ved slike investeringar må dekkjast av abonnentane gjennom gebyra på vann og avløp.

Skjåk kommune vil råde innbyggjarar til å tenke alternativt med hagevatning i framtida.

Tips for hagevatning:

  • Unngå vatning midt på dagen – vatn fordampar fort i sol. Vatne heller på kvelden.
  • Vurder alternativ vasskjelde til vatning.
  • La plenen bli litt høgare om summaren.
  • Ta vare på regnvatn og bruk det til vatning av blomstrar.
  • Hugs at plenen er robust og toler ein del tørke.


Abonnentar må også sjekke om det kan vere lekkasjar på sin eigedom, slik som toalettet er ein typisk stad som kan ha lekkasje.

Kommunen har forståing for at restriksjonane kan vere utfordrande for mange, og beklagar dei ulempene situasjonen medfører. Samstundes er kommunen svært takksame for den forståinga, tolmodet og samarbeidsviljen som er vist.

Skjåk kommune ønskjer å rette ein stor takk til alle innbyggjarar som har følgt kommunen sine oppmodingar og varslar om vatningsrestriksjonar. Dette er til god hjelp i ein krevjande situasjon.

Les meir her:

Vi sløser med vannet i Norge. Det får konsekvenser for klima og miljø.

– Restrik­sjonane handlar om trygg­leiken til heile Bismo - fjuken.no

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890
Bernt Dahl
Teknisk sjef
Telefon 61 21 70 00
Mobil 453 13 301