Ofossen bru blir stengt

Brua er planlagt stengt frå 10. september

Klikk for stort bilde

Skjåk kommune skal stenge Ofossen bru pga. nødvendig vedlikehaldsarbeid i haust. Brua er planlagt stengt frå 10. september til midten av november. Grunnen til stenginga er omfattande vedlikehald, som bl.a. støype nytt brudekke på begge bruspenn, masseutskifting, reasfaltering på land og på øya, forbetring av svingen innpå brua frå mølla og skifte av rekkverk.