Pleie- og omsorgstenesta treng tilkallingsvikarar - Skjåk kommune

Pleie- og omsorgstenesta treng tilkallingsvikarar

Vil du jobbe når det passar deg? Vi søkjer tilkallingsvikarar! 

Er du på jakt etter ein fleksibel ekstrajobb der du sjølv kan bestemme når du jobbar? Vi treng tilkallingsvikarar som kan ta vakter – både dag, kveld og helg. 

Dette er ei flott moglegheit til å få verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid, samtidig som du kan kombinere jobben med studiar eller anna arbeid.

Vi tilbyr

  • verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid.
  • fleksible arbeidstider – du vel når du kan jobbe.
  • moglegheit til å kombinere med studiar eller annan jobb.
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Vi søkjer etter deg som

  • er ansvarsbevisst, sjølvstendig og likar å arbeide med folk.
  • blir motivert av å gje andre ein betre kvardag.

 Aktuelle tenester

  • Sjukeheim
    • Skjåkheimen er ein sjukeheim der bebuarar har fast plass eller har opphald over ei kortare periode. Eksempel på oppgåver her er å gje bebuarane hjelp til naudsynte gjeremål i kvardagen, som personleg stell og måltid. På Skjåkheimen vektlegg vi gode samtaler og aktivitetar, og å leggje til rette for ein god kvardag for dei som bur der.
  • Heimesjukepleia
    • I heimesjukepleia møter du brukarar som treng hjelp og støtte i sin eigen heim. Oppgåver her kan vere hjelp til stell og personleg hygiene, samt tilrettelegging og bistand ved måltid.
  • Praktisk bistand (heimehjelp)
    • Som heimehjelp i praktisk bistand hjelp du brukarar som treng hjelp til vask og stell i eigen heim. Nokre kan og trenge hjelp til stell og personleg hygiene.

Hjå oss får du

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
  • pensjonsordning i KLP.

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato 
  • Det er eit ynskje at du kommuniserer tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg

 

Er dette noko for deg? Har du arbeidserfaring frå eit anna fagfelt og vil prøve noko nytt? 

Vi oppmodar begge kjønn til å søkje.

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Ingvild Mork mobil 48 99 79 24.

Oppstart: Etter avtale

Søknadsfrist: søknadar blir behandla fortløpande

Send inn søknad

Vi ser fram til å høyre frå deg! Er du elev eller student? Du er velkomen til å søkje.

 

Kommunedirektøren 

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar Skjåkheimen og heimesjukepleie
Telefon 489 97 924
Mobil 489 97 924