Populært i Skjåk - Sommarles

Lesekampanjen "Sommarles" har vorte svært populær i Skjåk. Tenk at 50% av alle 1. - 7. klassingane våre allereie har registrert seg. Fleire er innom biblioteket dagleg for å låne bøker og hente premiar. På bildet ser du ein god gjeng som gjerne vil vil dele nokre boktips med oss.

Foran: Jon Sigurd Skjåkødegård, Thale Holø, Alfred Moen Åmodt og Sigurd Mathias Sygard. Bak: Rubi Marie Øiberg og Feven Debesay Zemuy

Boktips

  • Jon Sigurd Skjåkødegård anbefalar: Operasjon Svartskog av Jørn Lier Horst
  • Thale Holø anbefalar: Dustedagboka og Amuletten
  • Alfred Moen Åmodt anbefalar Dustedagboka, En pingles dagbok og fagbøker om sløyd
  • Sigurd Mathias Sygard anbefalar: Donald Duck og Amuletten
  • Rubie Marie Øiberg anbefalar: En pingles dagbok og bøkene om Harry Potter
  • Feven Debesay Zemuy anbefalar: Bøker om handball, hestar, teikneseriar og En pingles dagbok
     

Flinke ungar i Skjåk

Biblioteket inviterte alle klassene på besøk no i juni, her fekk dei informasjon om kampanjen. Dei har også fått med seg eit informasjonsskriv heim. 50 % av alle elevane frå 1. - 7. klasse har allereie registrert seg. 

Kvifor er det lurt å vere med på Sommarles?

Forsking syner at lesekompetansen blir sett attende tre månader om du ikkje les i sommarferien.

Kva er viktigast med Sommarles?

Det viktigaste med Sommarles er at det skal vere morosamt. Gjennom å gjere lesing morosamt for deg, vil kampanjen vere med på å auke lesekompetansen din.

Kva er Sommarles?

Kort fortalt er Sommarles ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På nettsida sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarles-forteljinga, løyse oppgåver og fylgje med på kva vennene dine les.

Du finn meir informasjon på bloggen til Skjåk folkebibliotek.

Fleire boktips?

På biblioteket kan du få mange gode tips til sommarlesinga. Vi har heilt sikkert ei bok som passar akkurat for deg.

Vi avsluttar lesekampanjen i september med god servering, premieutdeling og andre overraskingar. Vi samarbeider med Norddalsbiblioteka. Premiane er sponsa av m.a. SpareBank1 Lom og Skjåk og Skjåk Energi.

Bli med da vel?
Har du ikkje registrert deg enno? Det er ikkje for seint, her kan du registrere deg: https://sommarles.no/

Kontakt

Skjåk folkebibliotek
Mobil 909 47 020

Opningstider
Tysdag   kl 14-19
Onsdag  kl 10-14
Torsdag  kl 14-19
Fredag    kl 10-14
Laurdag  kl 10-14