Regional ungdomsfestival 20. juni! - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Regional ungdomsfestival 20. juni!

20. juni er alle ungdomar frå 13 til 20 år i Norddalen inviterte til å feire starten på sommarferien med aktivitetar, grilling, konkurranser og konsert på Dombås! Dette er eit rusfritt arrangement. Dovre ungdomsråd og Gudbrandsdalsmusea lovar godt stemning og heftige premiar! 

PROGRAM

Dovre ungdomsskole kl.16.00 - 18.00

Volleyballturnering, ballbinge, dykkekonkurranse, sumobryting og tennis.

Minneparken kl. 18.00 - 21.00

Grilling, hinderløype og konsert med både unge, lokale talent og nasjonale artistar. Namn kjem!

Vi fiksar skyss!

Vi organiserer skyss til og frå arrangementet. Viss du treng skyss melder du frå her innan torsdag 18.juni:

Bestill skyss her 

Rusfritt arrangement

Ungdomsrådet og Gudbrandsdalsmusea arrangerer

Ungdomsfestivalen er arrangert av Dovre ungdomsråd i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea sitt prosjekt Ung i dialogen

Følg vår Instagram for vidare informasjon: UNGIDOVRE og DOVREUNGDOMSRAAD

Velkommen skal du vera!

Helsing Dovre ungdomsråd

Kontakt

Silje Olava Bakken
Ungdomskontakt
Mobil 994 07 707