Rutinar for besøk på kommunehuset i Skjåk kommune

 

Det er nå aukande smittetrend, og i samband med dette vert det innført eigne smitteverntiltak på kommunehuset. Dør ved hovudinngang vil stå oppe som vanleg, andre dører vil bli stengt. 

-    Hovudinngang skal nyttast for ordinært besøk på legekontoret, helsestasjonen og fysioterapien. 
-    Dør bak ved kulturskulen skal kun nyttast av tilsette og elevar ved Lom og Skjåk kulturskule.
-    Dør ved biblioteket skal kun nyttast av folk som skal på biblioteket. 

Alle besøk på kommunehuset skal vere etter avtale med den enkelte tilsette/ordførar. Du finn kontaktinformasjon på heimesida. Vi oppmodar alle til å bruke epost og telefon i størst mogleg grad ved spørsmål, dette for å ha færre fysiske treffpunkt. 

Dei som har symptom på luftvegsinfeksjon, eller er i karantene, kan ikkje gjere avtale om fysisk møte på kommunehuset eller besøke biblioteket. Alle som kjem på besøk skal nytte spritdispenser ved inngang. 

For å sikre effektiv smittesporing skal dei som har avtale med tilsette på kommunehuset skrive namn og telefonnummer i oversikt i servicetorget. Dette gjeld ikkje dei som skal til lege, fysioterapeut og helsestasjon.
 

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway