Samskaping for framtida i Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Samskaping for framtida i Skjåk

Måndag 8. juni samla Skjåk kommune 6.-10. klasse, ungdomsrådet og politikarar til ein inspirerande dag med samskaping i arbeidet med ny samfunnsplan. Målet med dagen var å få fram kva som er bra med å bu i Skjåk i dag – og kva som skal til for at det skal vere endå betre i framtida. Engasjementet var stort, og deltakarane bidrog med mange gode og gjennomtenkte innspel.

Gruppearbeid med skuleelevar ute. - Klikk for stort bildeSamskaping- ung Skjåk kommune

Kloke tankar frå skuleelevar

Elevane frå Skjåk barne- og ungdomskule skule delte erfaringar og meiningar om oppvekst i bygda. Dei peikar på at det er trygt å bu i Skjåk, med eit godt miljø og mange moglegheiter for aktivitetar – både ute i naturen og gjennom fritidstilbod.

Samtidig kom det tydelege ønskje om vidare utvikling, mellom anna fleire møteplassar, betre gang- og sykkelvegar, fleire butikkar og eit meir levande og penare sentrum.

Det kom òg fram at ungdomane sjølve ønskjer å bidra aktivt, både gjennom å ta vare på naturen, vere gode med kvarandre og vere med på å skape aktivitetar og møteplassar.

Felles ute- lunsj med lokale smakar

Som ein del av dagen vart alle deltakarane inviterte til ute- lunsj i gamleheimstrædet. Ove på Sota Sæter sto for maten. Her vart det servert mat laga på lokale råvarer, med prat og god stemning rundt grillen. 

Grilling i gamleheimstrædet - Klikk for stort bildeSamskaping Ung Grilling Skjåk kommune

Takk for deltakinga!

Skjåk kommune vil rette ein stor takk til alle som deltok og bidrog med engasjement, idear og gode samtalar. Særleg takk til skuleelevane som delte tankane sine om framtida. Det er dykk som er framtida!

Innspela frå dagen tek vi med oss vidare i arbeidet med samfunnsplanen – og vi ser fram til å halde fram det gode samarbeidet om utviklinga av Skjåk. Det vil bli fleire høve til samskapinga av samfunnsplanen utover hausten, med grendemøte, spørjeundersøking og andre medverkingstiltak.