Satsing på gode læringsmiljø i skule og barnehage - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Satsing på gode læringsmiljø i skule og barnehage

I september var representantar frå barnehage, skule og helsestasjon samla på Gardermoen i samband med ei nasjonal satsing på å bygge gode læringsmiljø i skule og barnehage.

Skjåk er ein del av denne satsinga der Utdanningsdirektoratet (Udir) gjev oss kurs og fagleg påfyll gjennom ei toårsperiode. I løpet av denne perioden er vi så heldige at vi får høyre frå dei beste fag- og forskingsmiljøa i Norge. I tillegg får Skjåk kommune dekt midlar til to ressurspersonar, Kari Anne Skjaak og Suna Sveen Aukrust.

I løpet av dei to dagane på Gardermoen hadde vi ni forelesarar frå ulike fagmiljø i Norge, men felles for alle var at dei la stor vekt på Trygghetssirkelen. Trygghetssirkelen er noko Skjåk kommune har lyfta opp dei siste åra, og hausten 2019 har alle tilsette i barnehage og skule opplæring i denne i regi av helsestasjon.

Hovudmåla for Skjåk kommune i denne nasjonale kompetansehevinga er at vi saman skal skape eit miljø som fremmar god psykisk helse:

  • Alle barn skal oppleve å bli sett
  • Styrke barns emosjonelle kompetanse og empati
  • Felles fagspråk og forståing blant tilsette
  • Kunnskap om kva som fremmar inkluderande miljø
  • Kollektiv handlingskompetanse hjå tilsette for å ta tak i situasjonar som oppstår 
  • Styrke samarbeid barnehage/skule og heim

Kontakt

Unnvald Bakke
Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00
Mobil 971 12 074