Situasjonsrapport frå Skjåk kommune :«BROT PÅ FIBERKABEL MELLOM LALM OG OTTA»

I uværet onsdag kveld og natt til torsdag velta fleire tre over eit linjestrekk mellom Otta og Lalm. Skjåk kommune med alle sine tenester var utilgjengeleg på telefon og internett. Det blei iverksette fleire tiltak for å ivareta innbyggjarane sin tryggleik

I uværet onsdag kveld og natt til torsdag velta fleire tre over eit linjestrekk mellom Otta og Lalm. Skjåk kommune med alle sine tenester var utilgjengeleg på telefon og internett. Brotet var kjent onsdag kveld, men det var utfordrande ver slik at feilrettinga ikkje kom i gang før torsdag morgen. Telenor lokaliserte torsdag morgen kvar brotet var, og entrepenør blei sendt ut for feilretting. Skjåk kommune iverksette fleire tiltak for å ivareta innbyggjarane sin tryggleik, og vi fekk stadfesta at rutinar og prosedyrar fungerer godt i krisesituasjonar.  

AMK plasserte ambulanse ved kommunehuset allereie i løpet av natta (onsdag, natt til torsdag) som  blei ståande der heilt fram til nettet var tilgjengeleg att.  Heimetenestene sette i verk fleire tiltak for å besøke alle heimebuande med tryggleiksalarm i løpet av torsdag føremiddag, og hadde god kontroll på alle som trong hjelp.  Øvrig publikum vart oppfordra til å reise til helsesenteret om dei hadde behov for legehjelp. 

Det vart også lagt plan for korleis ein skulle handtere situasjonen etter kommunehuset si stengetid onsdag, og det blei beslutta at kommunehuset skulle vere ope for publikum så lenge nettet var nede. AMK beslutta å oppretthalde beredskapen etter oppmoding frå kommunen, og ambulansen blei difor ståande ved kommunehuset heilt til feilen var retta. Ein av fastlegane blei sett i beredskapsvakt og var tilgjengeleg i Skjåk og via naudnettet. Vidare blei  heimesjukepleia  utstyrt med  naudtelefonar frå legesenteret slik at dei hadde direkte kontakt med legen i beredskap og AMK.  Det vart laga ei oversikt over alle heimebuande med tryggleiksalarm som skulle ha tilsyn på kveldstid, og Skjåk Røde Kors hjelpekorps hadde stilt sitt personell tilgjengeleg utover kvelden for å  besøke alle med tryggleiksalarm som ikkje hadde tilsyn frå heimesjukepleia. Kl.15.10 var mobilnettet tilbake og Skjåk kommmune med nøkkelpersonell innan helse, beredskap og brann var tilgjengeleg på naudnett utover kvelden. Beredskapen blei opprettheldt, men på litt lågare nivå. 

Det er grunn til å framheve innsatsen spesielt til dei som var på jobb i heimesjukepleia under «krisa», som bidrog til at alle fekk det tilsynet og den hjelpa dei trong. Skjåk kommune vil også takke Raude kors hjelpekorps for deira vilje til å stille opp og bidra i den utfordrande situasjonen.