Sju pluss i Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Sju pluss i Skjåk

Tal frå SSB viser at per tredje kvartal 2018 har folketalet i Skjåk auka med sju personar. 
-    Dette er svært gledeleg. Etter fleire år med folketalsnedgang håpar eg at den positive utviklinga fortsett. Vi erfarer at det kan svinge frå år til år, men det primære målet er fyrst å stabilisere folketalet, for så å arbeide vidare for ei auke, seier ordførar Elias Sperstad.
I Nord-Gudbrandsdalen er det berre Skjåk som kan vise til folketalsauke så langt i år.
-    Eg håpar på ei positiv utvikling i heile norddalen, seier Sperstad.