Skisportens Dag i Botn - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Skisportens Dag i Botn

Sundag 18.februar kl.12 er det Skisportens Dag i Botn (Skjåk aktivitetspark)

Sundag 18.februar kl. 12:00 er det Skisportens Dag i Botn. I desse OL-tider blir det OL i Botn med tenning av OL-eld, OL-ringar og norske flagg. OL-øvingane våre blir skicross, hopprenn, morostafett og frileik. Dei ungane som har lyst, kan få måla på flagg i ansiktet. "OL"-medaljar og premiar vankar det sjølvsagt og.

Ta gjerne med norske flagg for å få skikkeleg OL-stemning hjå publikum.

Varme grillar og sal av kaffe og bite.
Påmelding 30 minutt før start.

Velkomen! 

Skigruppa i Skjåk