Skjåk beite- og sankelag har bruk for hjelp! - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Skjåk beite- og sankelag har bruk for hjelp!

Sau på beite Kari Hånsnar Skjåk beite- og sankelag har bruk for hjelp med nedsanking av sau i Reinheimen som fylgje av rovviltproblematikk og store tap til jerv.

Skjåk beite- og sankelag treng hjelp til nedsanking av sau i Reinheimen

Skjåk har dei seinare åra fått eit auka problem med tap av sau til jerv. Som ei fylgje av dette er det planlagt tidlegsank i Reinheimen i samarbeid med Statsforvaltaren. 
Til dette treng vi mykje folk. Sankinga vil foregå frå dags dato, og spesielt desse fyrste dagane fram mot 1. september, er det bruk for mykje ressursar. 
Oppdraget er betalt. Har du moglegheit til å vera med ein eller fleire dagar, ta kontakt så fort som råd med Susanne Brenna i Skjåk beite- og sankelag på tlf 48125813
 

Kontakt

Kari Hånsnar
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 991 62 602