Skjåk Fysioterapi - ei oppdatering om bemanninga - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Skjåk Fysioterapi - ei oppdatering om bemanninga

Skjåk Fysioterapi har ei periode hatt redusert bemanning. Dette påverkar ventetid og kapasitet til tenesta.

 

Jorun Sperstad-Fjeld er tilbake i 50% etter å ha vore ute i foreldrepermisjon. Ho skal jobbe 80% frå juni. I budsjettet for 2019 vart fysioterapitenesta redusert med ei 50% stilling. Frå juli 2019 vil det vere 2,5 stillingar ved Skjåk fysioterapi.

Vi jobbar for å yte ei god teneste til kommunen sine innbyggarar, men vi vil informere om at vi må gjera enkelte prioriteringar, og at det må påreknast lengre ventetid for enkelte brukargrupper.

Helsing frå oss ved Skjåk Fysioterapi
 

Meir informasjon om fysioterapitenesta i Skjåk.

Kontakt

Jorun Sperstad-Fjeld
Fysioterapeut (Skjåk)
Margrethe Morken Bøye
Fysioterapeut (Skjåk)
Elisabeth Lunde
Fysioterapeut (Skjåk)