Skjåk kommune gratulerer Tor Gaute Jøingsli

Skjåk kommune gratulerer Tor Gaute Jøingsli med tittelen Skyttarkonge 2018. - Dette er ein fantastisk prestasjon som det står stor respekt av. Nervene stod i høgspenn under finalen og omskytinga. Som den sindige og solide karen han er, drog Tor Gaute det lengste strået. Han har verkeleg sett Skjåk på kartet. Tor Gaute er den fyrste skyttarkongen frå Gudbrandsdalen. Kongepokal vart det også. Så dette er stort!

Heile bygda stiller seg bak gratulasjonane, seier ordførar Elias Sperstad. Flagget gjekk til topps på kommunehuset torsdag.