Skjåk kommune lyser ut midlar til tiltak retta mot vilt, fisk og friluftsliv

I fylgje konsesjonen for utbygging av Øvre Otta, Framruste, Øyberget og Breidalsoverføringa, får Skjåk kommune 85.000 kroner kvart år til tiltak som kjem inn under område fiske, vilt og friluftsliv.

Rauddalen i Skjåk   

      

Kraftutbyggingsfondet

Midla skal fyrst og fremst brukast i dei områda som er utbygde for å kompensere skader og ulemper og dei skal fortrinnsvis brukast til investeringstiltak.

Søknaden skal innehalde:

  • Omtale av tiltaket
  • Framdriftsplan
  • Budsjett og finansiering
  • Kven har nytte av tiltaket (tiltak som mange har nytte av vil bli prioritert)

Retningsliner for bruk av fondet:

Søknadsfrist

  • 10. desember 2019

Send søknad til

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145