Skjåk kommune lyser ut midlar til tiltak retta mot vilt, fisk og friluftsliv

I fylgje konsesjonen for utbygging av Øvre Otta, Framruste, Øyberget og Breidalsoverføringa, får Skjåk kommune 85.000 kroner kvart år til tiltak som kjem inn under områda fiske, vilt og friluftsliv. 

Rauddalen i Skjåk  

Kraftutbyggingsfondet

Midla skal fyrst og fremst brukast i dei område som er utbygde for å kompensere for skader og ulemper. Midla skal fortrinnsvis brukast til investeringstiltak.

Søknaden skal innehalde

  • Omtale av tiltaket
  • Framdriftsplan
  • Budsjett og finansiering
  • Kven har nytte av tiltaket (tiltak som mange har nytte av vil bli prioritert)

Retningsliner for bruk av fondet

Søknadsfrist

  • 25. juni 2020.

Send søknad til

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145