Skjåk kommune slepp å betale attende tilskot på ballbingen ved Nordberg skule - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Skjåk kommune slepp å betale attende tilskot på ballbingen ved Nordberg skule

Skjåk kommune har søkt Kulturdepartementet om fråfall av krav om attendebetaling av spelemidlar i samband med nedlegging og sal av Nordberg skule. Anlegget fekk kr 200 000 i utbetalte spelemidlar i 2007.

Departementet har vurdert førespurnaden og komme fram til at dei vil fråfalle kravet om attendebetaling. I vurderinga skriv dei at skulen er nedlagt, anlegget let seg vanskeleg flytte og tilskotet er ikkje av betydeleg størrelse.