Skjåk kommune søkjer drivar til treningssenteret

Vi ser etter nokon som har kunnskap, interesse og lyst til å drifte Skjåk Treningssenter.

Er dette noko for deg? 

Vi ser etter nokon som har kunnskap, interesse og lyst til å drifte Skjåk Treningssenter.
Fortel kort om deg sjølv, relevant bakgrunn og dine tankar om korleis du ser føre deg drifta av treningssenteret, med omsyn til aktivitetar og økonomi. Kanskje du blir den nye drivaren av Skjåk Treningssenter?

Send ein e-post til: post@skjaak.kommune.no , innan 18. mai.

Om treningssenteret

Skjåk Treningssenter ligg i Industrivegen 60 G. Lokalet er 350 m2, med eit gruppetreningsrom på 100 m2.
Det har enkel garderobeløysing for dame og herre med dusj og toalett. Lokalet er tilpassa rørslehemma og har eit stort parkeringsområde utanfor.
Her er det gode moglegheiter til både cardio og styrketrening. Her er tredemøller, ro-maskin og syklar tilgjengeleg for alle. Det er og ein god variasjon av styrketreningsapparat og frivektar.

Treningssenteret er ein viktig møteplass i Skjåk, og Skjåk kommune ønskjer å vidareutvikle dette tilbodet.

 

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702