Skjåk kommune ynskjer velkomen til bygda i vinterferienSkitur i Skjåk Det nærmar seg vinterferie, og Skjåk kommune ynskjer velkomen til bygda. Her er rikeleg med plass, enten du vil gå i dei gode oppkøyrde skiløypene, om du vil ha den ein fin tur på fjellskia eller om du vil utfordre ein av toppane i området. På Grotli opnar vesletrekket, men der må kome litt meir snø før dei får sett i drift T-trekket. Langrennsløypene der ligg klare, Kroa er open og treng du overnatting er også hotellet ope. I Skjåk er her mange oppkøyrde løyper, status for desse finn du på Skjåk Turløyper på sosiale media. Skulle det vere slik at du må jobbe nokre timar medan du er her, er det full anledning å finne seg ein plass på Smiu i Bismo og sitje der. Den langvarige og strenge kulden i Skjåk har slept taket, og yr.no melder plussgrader komande veke. Vi ber om at alle følgjer gjeldande smittevernreglar for covid-19 i vinterferien, og ynskjer alle hjarteleg velkomne til Skjåk. Oversikt vinterferie i Norge Vinterferie veke 8: 22.- 26. februar 2021 Oslo Agder Troms og Finnmark: Finnmark kun fri onsdag 24.- fredag 26. feb Vestland: Sogn og Fjordane og kommunene Ullensvang og Voss Møre og Romsdal Trøndelag Vestfold og Telemark Viken: Akershus og Østfold Vinterferie veke 9: 1.- 5. mars 2021 Viken: Buskerud Vestland: Hordaland (utanom kommunene Ullensvang og Voss) Innlandet Rogaland Nordland Sist endret19.02.2021 14.23