Skjåkprisen og Kulturstipend 2019 - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Skjåkprisen og Kulturstipend 2019

Kjenner du nokon som fortener ei merksemd som Skjåkpris eller Kulturstipend? Kast deg rundt og send inn forslag.

Kulturkveld 2018 i Skjåk    

Det er mange som fortener ei merksemd. Har du sendt inn før og din kandidat ikkje har nådd opp, må du berre prøve på nytt. Kanskje lukkast det i år. Formannskapet avgjer kven som får prisen og Kultur- og oppvekstutvalet bestemmer kulturstipendet. Når det gjeld kulturstipendet kan det og søkjast på, og for all del ikkje ver redd for å søkje, fristen er 30. oktober.

Skjåkprisen 2019

Prisen skal vere ein honnør for utført verksemd som har betydd mykje for bygda og sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte. Prisen skal femne vidt og kan tildelast innanfor område som:

  • Kunst og kultur
  • Idrett og fritid
  • Handverk og industri
  • Natur og miljø
  • Samfunnsengasjement
  • Næringsliv m.m.

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller på annan måte ha tilknyting til kommunen.
Skriftleg forslag på kandidatar med grunngjeving skal sendast til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk el. e-post: post@skjaak.kommune.no

Kulturstipend 2019

Siktemålet med stipendet er å hjelpe fram personar med evner/interesser på område innanfor det utvida kulturomgrepet. Det kan søkjast på stipendet, og det kan fremjast forslag på kandidatar til stipend. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller ha anna tilknyting til kommunen. Skriftleg søknad/forslag med grunngjeving skal sendast til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk el. e-post: post@skjaak.kommune.no

Fristen for å sende inn forslag er 30.10.19

Informasjon om stad og tid for utdeling av pris og stipend kjem i løpet av hausten. Spørsmål kan også rettast til Skjåk kommune ved Kari Hånsnar på tlf: 991 62 602.

Kontakt

Kari Hånsnar
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 991 62 602