Slik blir smittesporing, testing og karantene framover

Adobe lisens - Klikk for stort bildeInformasjon om nedjustert TISK (TISK = testing, isolasjon, smittesporing og karantene)

Informasjon om nedjustert TISK

Regjeringa har bestemt at "nedjustert TISK" gjeld i 4 uker frå og med laurdag 25. september kl. 16.00. Dette tyder mellom anna at ingen treng å vere i karantene, og at kommunen i mindre grad skal drive med smittesporing. 
 

TISK står for testing, isolasjon, smittesporing og karantene:

  • Testing: Alle skal framleis ha låg terskel for å teste seg ved symptom. Dette gjeld både vaksinerte og uvaksinerte. Ta kontakt med legekontoret for å avtale tidspunkt for testing. Ved nyoppståtte luftvegssymptom, sjå flytskjema frå FHI:
  • Isolasjon: Alle som får påvist koronavirus skal framleis vere i isolasjon, i 5 dagar.
  • Smittesporing: Kommunen sitt ansvar for å smittespore blir avgrensa til husstandsmedlemar og tilsvarande nære. Andre nærkontaktar vil få informasjon frå den som er smitta. 
  • Karantene: Det er ingen som blir pålagde smittekarantene lenger. 

Kva gjer eg dersom eg har vore i nærkontakt med ein som er smitta av koronavirus?

  • Dersom du er i same husstand eller har hatt tilsvarande nær kontakt med den smitta, blir du kontakta av smittesporingsteamet for informasjon. 
  • Dersom du ikkje er i same husstand som den smitta og ikkje er vaksinert/hatt Covid-19 bør du teste deg så snart du er informert om at du har vore eksponert for smitte. Du kan da ta ein sjølvtest eller test ved teststasjon. 
  • Er du del- eller fullvaksinert, eller har gjennomgått Covid-19 siste 12 månader, treng du ikkje teste deg. 
Det er viktig at du følgjer med på eigen helse i 10 dagar etter du var utsett for smitte, og ringer legekontoret dersom du får symptom. Du skal da testast så raskt som mogleg og bør halde deg heime til svar på testen føreligg. Dette gjeld både vaksinerte og uvaksinerte.
Legekontor: 61 21 71 00 (Skjåk)

KORONAVAKSINERING: Helsestasjonen presiserar at dei som nå ikkje har tildelt time til dose 2, har sjølv ansvar for å sørgje for ny time til dette. Kontakt legekontoret på telefon 61217100 eller helsestasjonen direkte på mobil 90 84 85 48 for å sette opp time. 
For å unngå å måtte kaste vaksinedoser er vi avhengige av at det er minst 6-7 personar som vaksinerast dei dagane det er vaksinering. Kva dagar det blir sett opp vaksinering vil difor variere noko.