Søk om spelemidlar til idrett-, frilufts- og nærmiljøanlegg

Du kan få tilskot til nye idrett-, frilufts og nærmiljøanlegg og til rehabilitering av eldre anlegg

 

Spelemidlar er overskot frå Norsk tipping. Målet med tilskotet er å skape moglegheit for å drive idrett og fysisk aktivitet. Kulturdepartementet fastset reglane for korleis overskotet skal fordelast, medan kommunen mottek og handsamar søknadane. 
Du kan få tilskot til nye idrett-, frilufts og nærmiljøanlegg og til rehabilitering av eldre anlegg. 
For å søkje om spelemidlar må anlegget vera ein del av kommunal plan for fysisk aktivitet og naturoppleving.

Frist for å melde inn til kommunen om anlegg som skal søkje om spelemidlar, er 30. oktober. 

Kven kan søkje?

  • Idrettslag og organisasjonsledd knytt til Norges idrettsforbund
  • Samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Den Norske Turistforening, Norges Bilsportforbund og Det Frivillige Skyttervesen.
  • Kommunar og fylkeskommunar.
  • Velforeiningar og burettslag kan søkje om midlar til nærmiljøanlegg

For meir informasjon, gå til www.idrettsanlegg.no 

Kontaktperson: Kari Hånsnar, e-post: kari.hansnar@skjaak.kommune.no.Tlf 991 62 602
 

Kontakt

Kari Hånsnar
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 991 62 602