Søknad om redusert foreldrebetaling i SFO

For SFO-året 2020/21 er søknadsfristen 11. september. Alle søknadar som er mottekne før denne fristen vil gjelde heile SFO-året, altså frå 1. august. Søknadar som kjem inn etter fristen blir behandla fortløpande, og vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå den fyrste heile månaden etter at kommunen tek imot søknaden. Vedtaket gjeld for eit SFO-år.

Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1. og 2. årstrinn

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. og 2. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

  1. foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

  2. det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Betaling for kost kan komme i tillegg. For elevar i 3. og 4. klasse gjeld ordinære satsar. 

Ny forskrift om foreldrebetaling for SFO gjeld frå 01.08.2020 https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-07-02-1492

Ein får ikkje automatisk lågare pris på SFO om ein har låg inntekt, foreldre må sjølv søka om å få redusert pris. I skuleåret 2020-2021 vil søknader innan 11.september få tilbakeverkande kraft, og ein prisreduksjon vil gjelda frå 1. august.

Gratis skulefritidsordning for barn med særskilde behov på 5.–7. årstrinn

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.–7. årstrinn, jf. opplæringslova § 13-7 første ledd. Tilbodet på 5.–7. årstrinn skal vere gratis. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Søknadskjema med vedlegg kan leverast fysisk på servictorget eller elektronisk via eDialog.

For SFO-året 2020/21 er søknadsfristen 11. september. Alle søknadar som er mottekne før denne fristen vil gjelde heile SFO-året, altså frå 1. august. Søknadar som kjem inn etter fristen blir behandla fortløpande, og vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå den fyrste heile månaden etter at kommunen tek imot søknaden. Vedtaket gjeld for eit SFO-år.

Last ned søknadsskjema (PDF, 190 kB)

 Send inn søknadskjema med vedlegg via eDialog

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway