Sommarles

Ein artig lesekampanje for deg som går i 1.-7. klasse. Her får du premiar undervegs og du er med i trekninga av den gjeve hovudpremien som er eit gåvekort på kr 1000,-. På avslutningsfesten i september kjem Klovnen Knut.

Aurora Skjaak Plassen, Tuva Prestjordet og Daniel Andersbakken er med på Sommarles - Klikk for stort bildeAurora Skjaak Plassen, Tuva Prestjordet og Daniel Andersbakken er med på Sommarles   

Sommarles gjer lesing artig

Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og fylgjer med på kva vennene dine les. 
 
Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør oss på biblioteket.
 
Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar. Når du legg inn bøker, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.
 
I september blir det avslutningsfest for alle som har vore med, her blir det trekning av hovudpremien som er eit gåvekort på kr 1000,-. Den kjente og kjære Klovnen Knut vil stå for underhaldninga. Vi tek atterhald om at det kan bli endringar i programmet.
 

Astrid og Asbjørn er gjennomgangsfigurane i Sommarles. - Klikk for stort bildeAstrid og Asbjørn er gjennomgangsfigurane i Sommarles.   

 

Til foreldre/føresette

Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje som varer til og med 31. august og er laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. Det skal vere gøy å vere med! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, styrkar leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre les på fritida, men vi veit at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart. Vi håpar at de vil hjelpe oss med å motivere barna til å vere med på Sommarles.no. Det er ein fin aktivitet uansett kvar de skal feriere i sommar. Ta turen innom sommarles.no for meir informasjon  - eller besøk oss på biblioteket.

God sommar med sommarles.no!
 
Helsing frå oss på biblioteket :)
 
Klovnen Knut har skikkeleg barnetekke     Les så mange bøker du orkar og bli med på avslutningsfesten med Kloven Knut