Spennande om "Nasjonal transportplan" i dag

Det blir is og ei markering for alle i Skjåk i dag kl. 12.00. Markeringa skal gå føre seg  på området mellom YX og kjøpesenteret.

webkamera/Vegvesen.no  

I går og i dag debatterer Stortinget "Nasjonal transportplan" for neste periode. Stortinget skal røyste over denne i ettermiddag

Innstillinga og alle signal er positive. Dei går ut på at tunnelen mellom Skjåk og Stryn med arm til Geiranger kjem med i planen, samt utbetringar på enkelte strekningar på RV 15 i Ottadalen.

Dette er svært gledeleg og vil gje Skjåk nye moglegheiter.

Skjåk kommune vil markere denne (forventa) positive avgjersla for bygda.

Alle er velkomne til is og markering!

Ordførar
Edel Kveen