STÅK I SKJÅK 2022

Bilete er frå Ståk i Skjåk i 2018 Skjåk kommune Det er snart tre år sidan det var Ståk i Skjåk av grunnar som vi alle kjenner. Nå er det på tide å dra i gang att ein god tradisjon. Vi har satt av helga den 3.- 5. juni til ei heidundrande bygdefest.

STÅK I SKJÅK 2022

Målet med Ståk i Skjåk er å syne fram kva bygda har å by på av smått og stort innafor næringslivet, organisasjonslivet og kulturlivet.

Til bedrifter, lag og foreningar, idrettslag og klubber, og andre.

Dykk blir med dette invitert til å delta på arrangementet med noko dykk brenn for og har lyst til å syne fram. Det kan vere alt frå open dag i bedrifter, aktivitetar som riding, juving, klatring, sykkelritt,  garasjesal, loppemarknad, go-kart, auksjon og skyting til marknad i Skjåkhallen.     

Kva er på plass til nå?

  • "Melbys" arrangerer fest i Skjåkhallen på kvelden den 4. juni med Rune Rudberg og Get Rythm.
  • Skjåk IL arrangerer motbakkeløpet, Flækøyhøe Upp.

Skjåkhallen som marknadsplass

Vi har hausta god erfaring med å bruke Skjåkhallen til marknadsplass på dagen og til fest på kvelden. Dette er svært kostnadssparande og ein godt egna arena for arrangementet. Vi håpar på fleire del-arrangement rundt om i bygda.

  • Meld dykk på så lagar vi eit samla program for Ståk i Skjåk 2022, innan den 9. mai 2022.
  • Skriv stutt om kva du/dykk ynskjer å bidra med til e-post: info@skjaak.kommune.no