Stor interesse for ny bok i Skjåk

Torsdag kveld vart boka "Frå Høgfossen ein arv" av Ivar Teigum lansert på biblioteket. Det var, og er fortsatt, stor interesse for boka. 65 personar kom på lanseringa av boka som Skjåk Energi har gjeve ut.

Glade eigarar av kvar si nye bok. Margrete Øvrelid, Torgeir Ødegåd og Roald Hove

Skjåk Energi 100 år 

Elverksjef Lars-Egar Haugen ynskte velkomen. Finn Sandum fortalde ei så artig historie frå før i verda, at folk skratta både høgt og godt. Dette la grunnlaget for ein triveleg kveld.

"Frå Høgfossen ein arv"

Ivar Teigum tok oss med på ei reise i Skjåk Energi si historie. Heilt frå da Skjåk Kraftverk vart danna i 1919 og fram til i dag. Per Steinar Løkken synte fram fleire bilete frå boka undervegs. Det var spennande å høyre om dei store endringane som har vore, og korleis Skjåk Energi har klart å tilpasse seg alt det nye på ein framifrå måte.

Alle som kom fekk eit signert eksemplar. Om du ynskjer fleire eksemplar, er boka å få kjøpt hjå Akantus på kjøpesenteret i Skjåk.

Forfattar Ivar Teigum tok boksigneringa med eit stort smil

Ei gåve til alle husstandane i Skjåk

Du kan gle deg! Skjåk Energi vil nemleg gje ei bok i gåve til kvar husstand i Skjåk. Dei vil køyre dei ut sjølve i nær framtid.

Program 2019

Skjåk Energi ynskjer å gjere noko for heile bygda. Det blir arrangement for små og store i løpet av sommaren. Under Ståk i Skjåk kjem m.a. Energisenteret frå Hunderfossen. Dei vil stå for spreke aktivitetar på dagtid. På kvelden skal det vere ein god og gratis folkefest med mat og musikk av m.a. Ramstadstrondingane. Meire program kjem etter kvart. Skjåk Energi har ein eigen jubileumskomite som består av Lena Kolstad, Per Arild Arnestuen, Stein Arne Melby, Kari Elin Sperstad og Sigrun Eide.

Her er fleire bilete frå lanseringa

 

Fotografen Per Steinar Løkken

Boka inneheld mange fine bilete av Per Steinar Løkken. Om du ynskjer, kan du bestille bilete hjå han. Her ser du eit "kunstverk" av Raudalsdammen:

Raudalsdammen Per Steinar Løkken

Forfattaren Ivar Teigum

Forfattaren Ivar Teigum er cand. philol. og historikar, fødd og oppvaksen i Skjåk. Han har skrive fleire bøker, m.a. "Bygdebok for Vågå og Sel" og "Utvegar til vatn".

Boka "Frå Høgfossen ein arv", gjev eit fullstendig bilete av verksemda i Skjåk Krafverk/Skjåk Energi gjennom 100 år. Ivar Teigum har lagt ned ei stort arbeid med å kartleggje denne historia.