Styrar i den nye barnehagen - Skjåk kommune

Styrar i den nye barnehagen

Ein heilt ny barnehage veks fram i Skjåk. No ser vi etter ein styrar som vil vere med frå første kapittel – og vere med på å forme ein trygg, inkluderande og leikande kvardag for barna, saman med kollegaer, familiar og lokalsamfunnet.

Det var ein gong – og snart på ordentleg – ein ny barnehage i Skjåk

Barnehagen veks fram mellom fjell og skog, forma for små føter, store tankar og trygge fellesskap. Her blir lys, natur og leik vove saman i omgjevnader som gjev ro, undring og livsglede. Dørene står opne – ikkje berre for barna, men for familiane rundt dei, og for fagfolk som vil skape noko godt i lag.
Nå ventar barnehagen på ein styrar som vil vere med frå fyrste kapittel. Ein som ser moglegheiter og samanhengar i rom og relasjonar, inkluderande fellesskap og samarbeid med familiar og kollegaer, i leiing og kvardagsmagi. Her får du byggje kultur, retning og praksis frå grunnen av – i tett samspel med engasjerte kollegaer og eit lokalsamfunn som bryr seg.

Er det du som skal skrive vidare på denne forteljinga – midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender.

Hausten 2026 opnar Skjåk ein heilt ny barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.

Som styrar vil du

  • vere ein del av eit leiarteam med ein samarbeidande styrar for Dønfoss naturbarnehage.
  • ha dagleg leiar/koordinator og merkantil ressurs i eigen barnehage.
  • vere ein del av kommunalsjefen si leiargruppe, samt utvida leiargruppe i kommunen.

Som styrar har du det overordna ansvaret for å

  • sikre eit trygt og inkluderande barnehagemiljø som fremmar trivsel, leik og læring.
  • utvikle forpliktande og tillitsfulle samarbeid med føresette.
  • inspirere, motivere og gje retning til dei tilsette gjennom utviklingsarbeid der ein inkluderande personal- og læringskultur blir bygd frå oppstart.
  • sikre at det nye fysiske miljøet vert brukt aktivt som pedagogisk ressurs som fremmar inkludering.
  • vere ein pådrivar for samarbeidet i laget rundt barnet i tråd med førebyggande plan for oppvekst i Skjåk kommune.
  • utføre administrativ drift og utvikling av barnehagen gjennom økonomistyring, personalansvar og pedagogisk fagleg leiing.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
  • Vidareutdanning eller erfaring innan leiing er ynskjeleg og vil bli vektlagt.
  • Solid kjennskap til barnehagelova og rammeplanen.
  • Erfaring frå, og evne til å arbeide systematisk med utviklingsarbeid og kvalitetsforbetring.
  • God økonomiforståing.
  • God systemforståing kring tverrfagleg samarbeid og -samhandling.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg – kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Av personlege eigenskapar legg vi vekt på at du 

  • er ein tydeleg og fagleg sterk leiar som ser samanhengen mellom det fysiske miljøet, det psykososiale miljøet og barna sin leik, læring og utvikling.
  • er trygg i leiarrolla og tydeleg i forventningar og retning.
  • har god relasjonskompetanse og skaper tillit hjå barn, føresette, tilsette, kollegaer og eksterne aktørar.
  • samlar medarbeidarar om felles mål og retning.
  • er utviklingsorientert og har gjennomføringsevne.
  • taklar krevjande situasjonar og uføreseielege hendingar med ro og struktur.


Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med kommunalsjef Kari Anne Skjaak, tlf. 976 18 847

Fylg bygginga av den nye barnehagen her: Webkamera

Søknadsfrist: 6.4.2026
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. 
Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om oss?

Les meir om den nye barnehagen og korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst.  Du finn også meir informasjon om kommunen og livet i bygda på nettsidene våre Sats på Skjåk og Skjåk kommune.

Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, informasjon om arbeid, barnehage, skule og fritidstilbod – og leggje til rette dersom du ønskjer å prøvebu i Skjåk. Ta gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk (tlf. 994 27 902).

Sletting av studielån

Er du busett i Skjåk og i arbeid, kan du få sletta opptil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. 
Les meir om ordninga her Sletting av studielån

Kontakt

Kari Anne Skjaak
Kommunalsjef, Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00