Takk for samarbeidet, Svein - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Takk for samarbeidet, Svein

I går hadde Svein Holen sin siste arbeidsdag og sitt siste kommunestyremøte som rådmann i Skjåk kommune. Svein har vore rådmann hjå oss i snart fem år. Det har vore fem spennande år. 

Ein god og støttande leiar

Vi kjenner Svein som ein hardtarbeidande kar som jobbar seint og tidleg. Han er alltid godt forberedt og han er ein god og støttande leiar som tek seg tid til å lytte.

Svein kjem nok ikkje til å få fritidsproblem. Han er ein engasjert person som m.a. har starta rådgjevingsfirmaet "Mentor innlandet" og han er fyrstekandidat for Vågå SV.

Vi takkar for det gode samarbeidet og vi ynskjer deg lukke til vidare!

 

Eg har berre godt å seie om Skjåk kommune
Eg vil hugse folka eg har møtt. Vi pratar så mykje om korleis vi skal greie oss økonomisk, men den største kapitalen er folka som bur her. Kompetansen, velviljen, haldninga. 

- Svein Holen