Takk til spel- og dansarlaget - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Takk til spel- og dansarlaget

  

Skjåk kommune har fått ei fin gåve frå Skjåk spel- og dansarlag. Skulen, alle tre barnehagane, Skjåkheimen og friviljugsentralen har fått kvar si bok om Fel- Jakup. Bøkene er levert til ordføraren som vil distribuere dei etter påske. Ordføraren er svært takksam for bøkene som vil gje både kunnskap og glede, og kanskje blir det ein svingom etter musikken som følgjer med.