Tilskotsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamiliar - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Tilskotsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamiliar

Både offentlege og private aktørar kan søkje om tilskot til aktivitetar som inkluderer barn i lavinntektsfamiliar frå Skjåk kommune.

Kva kan du søkje tilskot til?

Du kan søkje om tilskot til tiltak som bidreg til at barn og ungdom med familiar som er råka av fattigdomsproblem kan delta: 

  • i kultur- og fritidsaktivitetar
  • i ferieaktivitetar
  • på alternative meistringsarenaer

 

Sende søknad 

I Skjåk kommune er det kommunalsjef Hilde Reitan som er kontaktperson for ordninga. Send din søknad pr. e-post til:

  • post@skjaak.kommune.no

Merk søknaden med "Hilde Reitan".

Søknadsfrist er 10. desember 2018.

 

Meir informasjon om den nasjonale tilskotsordninga

Nettsidene til Bufdir
(Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)