Tilskott på kr 1 370 000 til innovasjon og kompetanse til Skjåk kommune

Skjåk kommune har søkt og fått innvilga 1 mill kr i tilskott frå Fylkesmannen i Innlandet til innovasjonsprosjektet «Bærekraftig bofellesskap og avlastning i Skjåk 2020-2050 ved bruk av innovasjonsmetodikk». Dette prosjektet er eit samarbeid med NTNU, Skåppå Kunnskapspark og Inkubator og Regionrådet i N-G.

 

Behovet for tilrettelagte tenester for barn og unge har auka  betydeleg dei siste åra i Skjåk. Vi må difor rigge tenestene på ein måte som vil vere berekraftige no, og helst 30 år fram i tid. Vi treng gode avlastningsplassar og tilrettelagte bustader  lokalisert i sentrum av Skjåk av omsyn til nærleik til skule, barnehage, sosialt miljø og andre tenester. 

Skjåk kommune bygger eit nytt bufellesskap og avlastning for brukarar med behov for tilrettelagte tenester. Dette skal stå ferdig årsskiftet 2019/2020 med bebuarar som skal ha sin heim i det nye fellesskapet  store delar av livet, og det er viktig at alle deler av livssyklusen blir ivareteke på best moglege måtar.    

Kommunen ønskjer difor å ha ein prosess som involverer brukarar, pårørande, tilsette, lokalmiljø og verksemder for å utvikle berekraftige løysingar i eit 2020 – 2050-perspektiv, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Hilde Reitan.

 

Effektmål vil vere:

  • Førebygging, tidleg innsats og eigenmeistring 
  • Velferdsteknologiske løysingar 
  • Samspel med pårørande og friviljuge
  • Ernæring og fysisk aktivitet
  • Aktivitet og kulturopplevingar 
  • Sosialt entreprenørskap i prosess med næringsliv og grundarar gjennom Skåppå Kunnskapspark og Inkubator
  • Samarbeid med NTNU både på Gjøvik og Trondheim og gjennom Universitetsregionsatsninga til Nord-Gudbransdal regionråd

 

Dette innovasjonsprosjektet vil kunne definerast som eit pilotstudium for ei teneste som krev store ressursar og høg kompetanse, og er ei utfordring for både små og store kommunar over heile landet. Vi er i kontakt med regionrådet og Universitetsregion Nord-Gudbrandsdalen, som vil vere aktuelle samarbeidspartar når forprosjektet har fått avdekka kva for  problemstillingar og tiltak som det er naturleg å jobbe vidare med i implementeringsfasa.

 

Kr 370 000 i kompetansetilskott

Skjåk kommune har utarbeidd ein strategisk kompetanseplan for pleie og omsorg som gjev ei oversikt over kva for kompetanse Skjåk har i dag og kva kommunen vil trenge i åra framover. Kompetansetiltaka tek utgangspunkt i strategisk kompetanseplan, men også med utgangspunkt i Primærhelsemeldinga som føreslår fleire og nye oppgåver for primærhelsetenesta.

Det er gledeleg å registrere at mange av dei tilsette i pleie og omsorg i Skjåk kommune ønskjer å ta vidareutdanning innan sentrale fagområde. Skjåk kommune ønskjer å legge til rette for at dei skal kunne ta vidareutdanning samstundes som dei står i sine stillingar. Det er sjølvsagt også ein motivasjonsfaktor at Fylkesmannen bidreg med tilskott slik at dei får fullt frikjøp og kostnadar knytt til samlingar. Skjåk er ein liten utkantkommune med relativt store avstandar til utdanningsinstitusjonar.

Det betyr difor mykje at leiinga legg til rette for at dei som er under vidareutdanning får fri med løn og dekt kostnadar knytt til utdanninnga slik at den økonomiske belastninga som desse samlingane vil generere for den enkelte blir så liten som mogleg, avsluttar Reitan.

Skjåkheimen