Tilsyn av private avløpsanlegg - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Tilsyn av private avløpsanlegg

Skjåk kommune skal gjennomføre lovpålagt kontroll og tilsyn av private avløpsanlegg. Målet er å sikre at anlegga fungerer som dei skal og ikkje fører til forureining av bekker, vatn eller grunn.

Kvifor blir det utført kontroll av private avløpsanlegg?

  • For å sikre god miljøkvalitet
  • For å hindre utslepp som kan skade natur og drikkevatn
  • For å avdekke feil tidleg og bidra til rett vedlikehald

Slik blir kontrollen gjennomført

Kommunen utfører periodisk tilsyn av anlegg som ikkje er tilknytt kommunalt avløp. Kontrollør sjekkar mellom anna tilstand, funksjon og drift av anlegget.

Årsgebyr

For å dekke kostnadane blir det frå og med januar 2026 trekt eit årleg gebyr på 850 kroner.

Gebyrordninga er lovpålagt og gjeld for alle som eig private avløpsanlegg i kommunen.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Skjåk kommune dersom du lurer på noko om kontrollen eller ditt anlegg. 

Kontakt

Servicetorget Skjåk kommune
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00