TINE Fotballskule i Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

TINE Fotballskule i Skjåk

Fotballgruppa i Skjåk IL arrangerer TINE Fotballskule for jenter og gutar mellom 6- 12 år. Dette går føre seg på Bismo stadion den 8. – 9. august. TINE ønskjer med dette opplegget å bidra til å skape sunne og gode vaner hjå barn i heile Noreg og TINE Fotballskule starta opp i 1998. Heile 1,5 millionar ungar har delteke på ein slik fotballskule.

Det er hyra inn profesjonelle trenarar frå Akademiet i Molde fotballklubb til fotballskulen i Skjåk, så trenarkompetansen skortar det ikkje på. I år er det heile 127 deltakarar som er med på opplegget.

Eit så stort arrangement gjer seg ikkje sjølv, så her er det mange friviljuge som bidreg. I tillegg til August og Erlend frå Akademiet MFK er det med heile 16 hjelpetrenarar. Det er fire personar som er med i arbeidsgruppa for arrangementet frå Skjåk idrettslag/ fotballgruppa og 6 personar har ansvaret for traktering av alle desse ivrige fotballspirene. Det er fleire bedrifter som bidreg til fotballskulen. Bakeriet i Lom sponsar bollar, TINE Lom og Skjåk sponsar rauost, COOP Prix Skeimo sponsar is og COOP Ottadalen sponsar frukt.

Det er fint å sjå så mange glade og ivrige ungar i aktivitet på Bismo stadion. Dette lovar godt for rekrutteringa!

  • Fleire bilete på heimesida  hjå Skjåk Idrettslag