Ungdata-undersøkinga 2018 vart presentert og diskutert på foreldremøte for elevar i 7. – 10. årssteg - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Ungdata-undersøkinga 2018 vart presentert og diskutert på foreldremøte for elevar i 7. – 10. årssteg

Torsdag 25. oktober vart det gjennomført foreldremøte for elevar i 7. – 10. årssteg i Skjåk kommune, der resultata frå Ungdata-undersøkinga 2018 vart presenterte og diskuterte.

Kristine Langmyr frå KoRus-Øst orienterte, og deretter vart det sett ned eit panel for å kommentere og diskutere resultata med deltakarane i salen.

I panelet var Mattis Hyrve (repr. Ungdomsrådet), Rita Helen Hellekveen (ungdomsmedarmeidar), Rannveig Brennhaug (tenesteleiar Helse), Margrete Morken (prosjektleiar for førebyggjande helsearbeid for meistring og læring), Jonny Gundersen (politikontakt), Sondre Bøye (kommuneoverlege), Jan Storkjørren (avdelingsleiar Skjåk barne- og ungdomsskule) og Kristine Langmyr (KoRus-Øst).  Svein Holen (rådmann) var ordstyrar.

31. oktober skal elevane i 7. – 10. årssteg ha folkehelseverkstad, der dei skal arbeide vidare med nokre tema i undersøkinga, og sjølve koma med forslag til tiltak for å styrke positive og redusere negative faktorar ved å vera ung i Skjåk.