Ungdomsklubben i Skjåk

Ungdomsklubben i Skjåk er eit gratis lågterskeltilbod med fokus på å tilby ungdomane aktivitetar med trygge rammer og tilgjengelege vaksenpersoner. Alle arrangement er rusfrie.

Bilete frå ungdomsklubben - Klikk for stort bildeBilete frå ungdomsklubben Skjåk kommune

 

Ungdomsklubben i Skjåk

Ungdomsklubben held til i underetasjen hjå Skjåk Energi og er eit tilbod til deg som går i 7. klasse og opp til 18 år. Her er det sal av m.a. pizza, brus og snacks. Du kan spele biljard, brettspel, air-hockey eller du kan slappe av og kose deg i lag med gamle og nye venner.

Ta deg ein tur!

Kontakt

Unnvald Bakke
Kommunalsjef Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00
Mobil 971 12 074

Kart