Varaordføraren overrekte pengegåve til velgjerdssykkellag - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Varaordføraren overrekte pengegåve til velgjerdssykkellag

Syklistane i velgjerdssykkellaget Team Rynkeby fekk med seg ei pengegåve frå varaordførar Kristen Haugen Dagsgard da dei passerte Skjåk denne veka.   

Team Rynkeby - God morgon er eit internasjonalt velgjerdssykkellag som syklar til Paris kvart år til fordel for barn med kritisk sjukdom. Turen avviklast i år for 20. gong, og her i Norge går pengane dei samlar inn på turen til barnekreftforeninga. Denne veka passerte syklistane Skjåk, og varaordførar Kristen Haugen Dagsgard møtte dei ved Billingen Seterpensjonat for å overrekke ei pengegåve fra Skjåk kommune som støtte til den gode saka.