Varsling om hendingar - Varsling24

Flaumen 2018 - Klikk for stort bildeOvervakning av flaumen i 2018 (Skamsar bru) Trond Vidar Solhaug/Sivilforsvaret  Skjåk kommune nyttar varslingssystemet Varsling24 til å sende ut viktig informasjon til innbyggjarar. Får du ikkje varslingar frå Skjåk kommune? Les artikkel!

Skjåk kommune nyttar varslingssystemet Varsling24 til å sende ut viktig informasjon til innbyggjarar (i eit geografisk område)  i samband med hendingar som til dømes flaum, stenging av kommunal vassforsyning, kokevarsling for drikkevatn, stengde vegar, evakuering og andre situasjonar som krev rask informasjon. Varslingar blir sendt på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post. Oppdatert informasjon om korleis tenesta fungerer finn du hjå vår tenesteleverandør ved å følgje denne lenka.

Slik blir du varsla ved hendingar i Skjåk kommune

For å kunne nå alle som bur fast eller midlertidig i Skjåk kommune, oppmodar vi alle til å sjekke at adresse og telefonnummer er rett oppført slik at du blir varsla. For privatpersonar henter Varsling 24 kontaktinformasjon frå det nasjonale kontaktregisteret. For bedrifter blir kontaktinformasjon hentet fra enhetsregisteret.

Korleis sjekke om du er registrert?

Det finst to ulike register du kan velje å registrere deg i for at vi skal nå deg. Her kan du òg kontrollere om du allereie er registrert. I det felles nasjonale kontaktregisteret rår vi deg til å leggje inn både mobiltelefon og e-postadresse, da mange førespurnadar frå det offentlege vil skje her i framtida. Dette på lik linje med sjølvmelding som du kjenner frå tidlegare. 

Bedrifter

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på varslemeg.no. Du kan registrere så mange nummer du vil per adresse.

 

Ofte stilte spørsmål om Varsling 24

Korleis verkar varslinga?

  • Det blir sendt ei SMS-melding til mobiltelefonar, evt. ein automatisert talemelding til fasttelefon eller e-post. (Talemeldinga blir lest inn som "tekst til tale". På slutten av meldinga blir du bede om å taste: 1 - for å stadfeste at du har oppfatta meldinga, og 9 - dersom du ynskjer å høyre meldinga ein gong til.)

Er mitt mobilnummer registrert?

  • Så lenge du er registrert i kontaktregister for offentlig forvalting på riktig adresse er alt i orden. Denne oppføringa gjeld for den adressa du er registrert med i Folkeregisteret. 

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

  • Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Dersom du likevel ynskjer å få varsel frå din kommune, legg inn tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for "hemmelig nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn bostadadressa?

Varslemeg.no er eit tilleggsregister som du nyttar om du ynskjer å motta varsel for ei adresse som du ikkje er registrert med bostedsadresse på. Dette kan gjelde barn i studentbustad, dine foreldre sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "send".
  • Du mottek ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn.
  • Her kan du leggje til andre adresse som du vil bli varsla for. Namn = den som bur på adressa du registrerar.

Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsel for?

På varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresse som er oppført på ditt mobilnummer, utanom di offisielle bustadadresse som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "send".
  • Du mottek ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn. Her ser du lista over adresse registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du og slette adresser eller leggje til fleire.