Vi har godt drikkevatn i Skjåk

Mattilsynet har hatt sitt årlege tilsyn på det kommunale drikkevatnet vårt.

Drikkevatn - Klikk for stort bilde 

Den 24.09.2019 var Mattilsynet i Skjåk på tilsyn. Dette er eit årleg tilsyn for å følge opp sikkerheita ved kommunalt vassverk. Tilsynet kjem etter ei regelendring av drikkevassforskrifta i 2017.

Under tilsynet 2019 vart følgande forhold i drikkevassforskrifta ettersett:

  • §19 Prøvetakingsplan – jf. §20, Minstekravet til rå vassprøver og §21, Minstekravet til drikkevassprøver.
  • §6 Farekartlegging og farehandtering.
  • §22 Tiltak.
  • §25 Rapportering.

Mattilsynet gjorde følgande observasjon:

  • Prøvetakingsplan er ikkje forankra i farekartlegging.

Skjåk Kommune fekk frist til å levere farekartlegging innan 18 desember 2019, Skjåk Kommune leverte oppdatert risikovurdering til mattilsynet 5 desember. Farekartlegging var godkjent 11. desember 2019.

Skjåk kommune treng ikkje å gjere endringar på sin vassprøveplan ut i frå farekartlegging.

I samband med vedtaket har det ikkje vore fare for dårleg vasskvalitet eller fare for liv og helse til kommunale abonnentar i Skjåk Kommune.

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890