Vi oppmodar folk om å ikkje gå ut på den islagde Ottaelva

Ottaelva ved Blåbærmyra 

Vi oppmodar folk om å ikkje falle for freistinga og gå ut på den islagde Ottaelva. Vi har fått inn fleire meldingar om at personar har ferdast på isen på Ottaelva, og dette er noko kommunen frarår. Med ein kombinasjon av mildver og at elva er regulert veit ein ikkje korleis elva og isen vil oppføra seg framover.