Viktig informasjon om jodtablettar

Helsedirektoratet, Statens legemiddelverk og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har sendt ut oppdatert informasjon til publikum og helsepersonell om jodtablettar ved atomulykker.

Du får kjøpt jodtablettar utan resept på apoteket. Foto: DSA

Er du under 40 år, gravid, ammande eller har heimebuande barn?

Da råder vi deg til å ha jodtablettar heime. Tablettane kan gje vern mot radioaktivt jod ved atomulykker, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene.

Dersom det skulle skje eit utslepp av radioaktivt jod i vår kommune, vil alle innbyggjarar i Skjåk kommune få varsel om dette, og vi vil da dele ut jodtablettar til den mest sårbare målgruppa. Dersom nokon ynskjer å ha tablettar liggande i heimen sin, kan ein kjøpe dette på apoteket.

  • Tablettane beskytter mot radioaktivt jod frå atomulykker
  • Myndigheitene gjev råd om når tablettane skal takast. Det er viktig å ha tablettane lagra heime sidan det kan bli gjeve råd om å opphalde seg innandørs samtidig
  • Jodtablettar er i seg sjølv ufarlege. Allergiske reaksjonar eller lett påverknad på stoffskiftet kan førekomme, men risikoen for biverknader er låg
  • Kjøpast reseptfritt på apotek
     

Utfyllande informasjon på fleire språk frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet:

Informasjonsark jodtablettar (PDF, 237 kB)

Kontakt

Rannveig Brennhaug
Helsesjukepleiar
Telefon 61 21 70 00