Lom og Skjåk kulturskule har ledig inntil 30 % vikarstilling som lærar i visuell kunst.
Vikariatet er for skuleåret 2026 / 2027.
Arbeidsgjevar er Skjåk kommune, og kulturskulen har elevar frå både Lom og Skjåk. Undervisninga er for tida lagt til Bismo. Arbeidstid vil i hovudsak vere tidleg ettermiddag og kveld, med noko arbeid på helg i samband med prosjekt, utstillingar og framsyningar.
Lom og Skjåk kulturskule er ein interkommunal, veldriven og utviklingsorientert kulturskule med 10 tilsette. Kulturskulen gjev undervisning innan musikk, dans, visuell kunst og teater.
Arbeidsoppgåver
Visuell kunst er eit tilbod for born og ungdom frå 3. klasse og opp til vidaregåande opplæring. Elevane er delt i 3 alderstilpassa grupper. Som lærar vil du få ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning i visuelle kunstfag. Innhaldet i tilbodet skal byggje på rammeplanen for kulturskulen og lokale fagplanar, men kan tilpassast kompetansen, erfaringa og styrkane dine.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere
- undervisning i visuelle kunstfag.
- planlegging og gjennomføring av utstillingar, framsyningar og prosjekt.
- samarbeid med føresette.
- tverrfagleg samarbeid med kollegaer og andre samarbeidspartar.
- deltaking i fagleg utviklingsarbeid i kulturskulen.
Kvalifikasjonar
- Relevant kunstfagleg utdanning og/eller erfaring innan visuell kunst.
- Pedagogisk utdanning eller relevant undervisningserfaring.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Kunnskap om bruk av digitale verktøy i undervisning.
- Førarkort klasse B og høve til å disponere bil.
Det er ønskjeleg med erfaring frå undervisning av born og ungdom. Relevant utdanning og erfaring blir vurdert samla. Den som blir tilsett må leggje fram godkjend politiattest før tiltreding.
Vi vektlegg at du
- evnar å inspirere, engasjere og skape meistring hos elevane
- har ei bevisst haldning til pedagogisk arbeid
- ønskjer å vere med på å utvikle tilbodet og kulturskulen
- arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- er fleksibel, løysingsorientert og kreativ
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- tilsetting på kommunale vilkår
- løn etter avtale
- pensjonsordning i KLP
Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Stian Bøhle, telefon 913 81 446.
Søknadsfrist: 28.06.26
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om oss?
Les meir om korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på Å vekse opp i Skjåk - Skjåk Kommune
Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.
Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner