Fakta om Skjåk

Om Skjåk kommune

  • Fylke: Oppland
  • Adm.senter: Bismo
  • Høgde over havet: 400 m.o.h
  • Innbyggjarar: 2 199 (per. 2 kvartal 2017)
  • Kommunas areal: 2 076 km²
  • Verna areal: 79 %
  • Høgaste fjell: Nørdre Hestbreapiggen (2172 m.o.h).
  • Ordførar: Elias Sperstad (SP), 2016 - 2019
  • Kommunefakta Statistisk Sentralbyrå

Skjåk

Skjåk ligg lengst vest i Ottadalen i Oppland fylke mellom majestetiske fjell og flott natur for friluftsliv. Skjåk grensar i nord til Norddal og Rauma i Møre og Romsdal og Lesja, i øst og sørøst til Lom, sør til Luster i Sogn og Fjordane og i vest til Stryn i Sogn og Fjordane og Stranda i Møre og Romsdal. Reinheimen nasjonalpark ligg i nord og Breheimen nasjonalpark i sør. Kommunesenteret i Skjåk heiter Bismo, og her bur om lag 40% av innbyggjarane i kommunen. Ein velutvikla infrastruktur dekker bu og næringsområda i Bismo. Dei fleste har sitt arbeid i Bismo i industri, handel og tjenesteyting.

Bygda utanfor bustadområda er prega av landbruk og reiseliv. Skjåk Almenning er ein stor privat naturforvaltar som eig mesteparten av arealet vest for Bismo. Skjåk Allmenning dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar, og eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune. I tillegg til nasjonalparkane er det to større naturreservat i Skjåk, Hondsrøve og Einstullie, som er oppretta for å ta vare på gamal urskogprega furuskog med spesielle artar knytt til dette økosystemet.

Infrastruktur og kommunikasjon

Riksveg 15 frå Otta til Stryn, går gjennom bygda. Næraste kommunesenter er Lom med reisetid 15 minutter i bil. Til Otta er reisetiden ca. 1 time og til Stryn ca.1,5 time. Jordbruksareala ligg som en "buffer" mellom bustadområda i aust og vest.

Næringsliv

Det er fleire industribedrifter i Bismo. Interfil lagar ventilasjonsfilter. Glasitt produserer byggemateriale av returglass. Stryvo Bismo er ein offshore-bedrift. Skjåk Almenning produserer trelast i furu. Skjåk Hedda hytter er ein hytteprodusent. Elles er arbeidslivet prega av handel og offentleg tenesteyting.

Lokal mat

Det finnes fleire lokale matprodusenter i Skjåk. Dei fleste er tilknytta Gudbrandsdalsmat som sel og distribuerer lokal mat til folk i heile landet.

Klima

Skjåk har innlandsklima med svært lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme somrar og betydelegeskilnader mellom dag- og nattetemperatur i sommarhalvåret. Skjåk har i følge Yr.no også ein rekord som den tørraste plassen i Norge, faktisk er det kun nokre få stader i Sør-Europa som er tørrare.

Bismo - Klikk for stort bilete

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00