Tid og stad
- Dato: 13. april
- Klokkeslett: 18.00 (møtet varar i om lag 1,5 time, dei siste med 30 minutta med tilleggsinformasjon for dei med særaldersgrense)
- Stad: Utgard
Målgruppe
Tilsette fødde mellom 1963 og 1973. Denne gongen ønskjer vi å rette møtet særleg mot dei som er fødde i 1963 og seinare. Det er viktig å kjenne til krava for livsvarig AFP. For å oppfylle krava må du på 62-årsdagen ha vore i ei verksemd med AFP-ordning i 7 av dei 9 siste åra.
Tilsette fødde i 1962 og tidlegare har allereie fått tilbod om fleire temakveldar med KLP. Dersom nokon av dei har behov for meir rettleiing, anbefaler vi at dei tek direkte kontakt med KLP for ein individuell pensjonssamtale. Det er svært ulike reglar for tilsette født i 1962 og tidlegare, og denne aldersgruppa vil difor ha lite utbytte av orienteringa.
Program
- Foredrag med særskilt fokus på pensjon
- Gjennomgang av dei nye reglane og kva dei betyr for deg
- Korleis sikre retten til livsvarig AFP
- Informasjon om moglegheitene ved særaldersgrense
- Rettleiing om kor du finn eigne pensjonsberekningar
Nyttige råd frå KLP
«Du har mange moglegheiter i sein-karrieren, og er sjølv med på å påverke din eigen pensjon. Visste du at reglane gjer det enkelt å kombinere lønnsinntekt og pensjon?»
«Lurer du på kva du kan få i pensjon? På klp.no kan du finne anslag for eiga pensjon.»
Individuelle samtaler
Det blir høve til individuell samtale med KLP på telefon eller teams i etterkant av møtet. Ei liste blir lagt ut for påmelding, og dato for samtale vil bli i etterkant av temakvelden. Alle som tenkjer å melde seg på samtale bør delta på temakvelden fyrst.
Vi prioritere dei som er fødde i 1963 og 1964, samt dei som ikkje tidlegare har hatt samtale.
Tilsette i Lom og Skjåk som er medlemmar i Statens pensjonskasse er og velkomne til å delta.
Vel møtt!