Tryggleik rundt kommunehuset og skuleområdet - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Tryggleik rundt kommunehuset og skuleområdet

For å skape eit trygt og oversiktleg område for elevar, SFO-barn og andre som ferdast rundt kommunehuset og skulen, innfører vi ei enkel, men viktig parkeringsregel.

Ny parkeringsregel

Alle som parkerer på parkeringsplassane ved kommunehuset og skulen skal:

  • Rygge inn i parkeringsruta.
  • Unntak: Dersom du skal bruke motorvarmar, kan du køyre inn med fronten først.

Kvifor denne regelen?

  • Når bilane står med fronten ut, får førarane betre oversikt når dei skal køyre ut.
  • Vi reduserer risikoen for uønskte og farlege situasjonar.
  • Vi tek ekstra omsyn til barna som ferdast til og frå: skulen, SFO, fritidsaktivitetar.

Takk for at du bidreg

Takk for at du er med og gjer skulevegen tryggare for barna våre.