100 % fast stilling som fagsjukepleiar - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

100 % fast stilling som fagsjukepleiar

Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen.

Om stillinga som fagsjukepleiar

Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene.
Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving
  • Rettleie og støtte kollegaer og studentar
  • Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning 
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging
  • Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Engasjert i fag og utvikling
  • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer
  • Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag
  • Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet

Vi tilbyr:

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. 
  • Pensjonsordning i KLP.

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Ingvild Mork, telefon 48 99 79 24

Søknadsfrist 16.08.2026

Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. 

Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Kvifor velje Skjåk?

Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, arbeid for eventuell partnar og informasjon om tilbod for barn og fritid. Du kan òg få moglegheit til å prøvebu i bygda. Kontakt: Heidrun Israelsen – prosjektleiar «Sats på Skjåk» Tlf. 994 27 902

Sletting av studielån

Buset du deg i Skjåk og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om det på Sletting av gjeld i utvalgte kommunar.

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar Skjåkheimen og heimesjukepleie
Telefon 489 97 924
Mobil 489 97 924